Changemaker krevde svar frå Nammo om korleis våpen frå ein norsk våpenprodusent kunne ende i Gaza. Nammo står på at våpena ikkje er norske.

Møtte Nammo om våpeneksport

Engasjement: Ein plakat med den norske våpenprodusenten Nammo på ein demonstrasjon til støtte for Gaza i Oslo i November. Foto: Heiko Junge / NTB

– Nammo har eit tydleg ansvar. Vi meiner prinsipielt at Noreg ikkje skal tene pengar på okkupasjon på menneskerettsbrot eller på at folk døyr, seier Marte Hansen Haugan.