Lakse-Noreg

Det er ljose tider for oppdrettsnæringa. Omsetninga i oktober ende på rekorden 12,5 milliardar kroner, 2,3 milliardar meir enn i 2022. Lakselobbyen fortel at dei mettar titusenvis av munnar kvar einaste dag. Kiloprisen er i augneblinken på 83,27 kroner. Om du vil kjøpe laksen i butikken, må du minst ut med det dobbelte for rund laks og det tredoble for filet. Prisen fortel om klasseskilnad i fiskedisken; det er berre middel- og overklassen som har råd. Men mange går forbi av andre grunnar.

Mer fra Klassekampen