Etter nærare ti år som performancekunstnar i det frie feltet, blei Lisa Lie i 2013 invitert inn på Trøndelag Teater med framsyninga «Blue Motell». Den fekk Heddapris for særleg kunstnarleg innsats, og etter det har Lie levert produksjonar på fleire av dei større institusjonsteatera. Nå er ho attende på Studioscena på Trøndelag Teater med urpremiere på «Svingende skygger». Og på mange vis er ringen slutta, for tematisk er denne framsyninga i nær slekt med «Blue Motell». Den gongen var vi i dødens forgard der folk venta på transport til det hinsidige. Nå tek ho oss med til både det okkulte, det verkelege livet, og til det etter døden. Om det er noko der?
Ei barokk metaframsyning der det aldri er godt å vite kva som er spel, røyndom – eller hinsidig.