Norske politikarar fordømmer angrepa på sivile i Israel og Palestina. No må ein sikre våpenkvile og vern av sivile, meiner Ingrid Fiskaa i SV.

Fordømmer angrep på sivile

Fastlåst: Bjørnar Moxnes og Ingrid Fiskaa trur ikkje konflikten mellom Israel og Palestina kan løyest før okkupasjonen og blokaden av Gaza blir oppheva. Foto: Christopher Olssøn

Fleire hundre sivile er døde etter at Hamas sette i gang eit omfattande angrep på Israel laurdag morgon. Angrepet kom uventa på Israel som har lova kraftig hemn, og bedt folk på Gazastripa om å forlate heimane sine.