Ho sat klar med kaffikoppen presis klokka 8.00, budd på at det kunne bli litt venting. Den nye komfyren skulle leverast mellom klokka 8 og 17. Det let seg ikkje gjera å få eit meir presist tidspunkt, men ho var lovt ein beskjed ein halvtime før transportfolka kom.