Anders Ericson har delt denne artikkelen med deg.

Anders Ericson har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Reklame er visst veldig rart

Tante Rakel ekspederte i fin forretning på Majorstua. Sjefen skreiv Rachel på skiltet hennar. Jålete, men ikkje hennar jål. Kundane sa Majorstuen. Tante Rakel, frå Ljansbruket, «langt ute på landet», hadde litt moro av det. Dei fine fruene hadde ikkje alltid handla så mykje, men måtte likevel ha handlepose frå der dei fine handla. Posane dei hadde varer i då dei kom inn, vart ublygt skifta ut med pose frå Petersen på Majorstuen, «Smør-Petersen», før fruene gikk på trikken. Tante Rakel mora seg uhemma over jåleriet

For meg var det berre rart. Skulle skrifta på posen ha noko å seie? Ein genser skulle passe og sko vere gode å gå i. Berre det. På femti- og sekstitalet var varene temmeleg reklamefri. Så kom det etter kvart skrift på plagga, men det var no berre pynt og gjorde ikkje noko. Lite visste eg då om reklamen si makt og framtidig utvikling.

Kaffi og tobakk var rett nok merkevarer, men det hadde med ulik smak og lukt å gjere. Sko var sko.

Tretti år seinare kom ein av elevane mine i genser med reklametrykk på. Faren hans dreiv gravefirma. Kundane tok gjerne imot ein genser med firmanamn på, og guten reklamerte naturlegvis gjerne for faren sin. Jenta ved sida av han i klassa hadde også eit nytt plagg. Det var ein merkegenser som ho hadde betalt dyrt for.

Ei klok sjetteklasse var heilt med på å diskutere det fenomenet at for å kome inn på ein marknad, betaler du kundane dine for å få reklame, men når du er blitt stor og på moten, får du reklamen gratis og andre betaler deg for at du reklamerer for dei. – Reklame er visst veldig rart, fann dei ut. Kan hende det vart sådd nokre frø i den timen. Forfattaren Ingvar Moe summerte lærarlivet enkelt: «Eg ville barre planta eit pitte lite løktastolpefrø.» Det er eit fint bilde og eit bevis på kor langt fram målet ligg.

Det er no innført to kroner i avgift for kvar handlepose. Det er eit tiltak for miljøet og det felles beste. Det kan føre til at vi vil bruke færre posar. Men at forretningane nyttar høvet til å ta fire kroner eller meir for kvar pose med deira eige firmanamn på, er eit heilt anna slag tiltak. Bruk biblioteket, står det på handleposen min. Den fekk eg, og den skal eg bruke flittig. Skal eg reklamere for noko, skal det vere for noko eg bryr meg om.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!