Kristian Erling Sommerseth har cerebral parese og sit i fylkestinget i Vestfold og Telemark. Han meiner det er viktig for demokratiet at fleire med redusert funksjonsevne får delta i politikken.

Kjempar for demokratiet

VIL HA SAMARBEID: Kristian Erling Sommerseth (SV) håper heile venstresida gjer eit bra val. FOTO: SV

Trass i at han er ufør, slit ikkje finnmarkingen Kristian Erling Sommerseth med å finne ting å ta seg til. Han har vore politisk aktiv heile sitt vaksne liv, og dei siste fire åra har han representert SV på fylkestinget i Vestfold og Telemark.