I ungdomstida hende det at vi måtte ut med traktoren sjølv ved juletider. Det kunne vere snømåking, bilberging eller anna. Om vinteren kunne det vere vanskeleg å få start om han sto ute. Derfor fann onkelen min på å ha han parkert i gjødselkjellaren. Der var det så lunt og godt.