Edvard Hoems gjennombrotsroman har tolt tidas tann. Men visste forfattaren kva han gjorde? Og kven var han, forresten?

Kjærleikens fly- og ferjereiser

RØYND OG FANTASI: Edvard Hoem har i fleire bøker skrive om distrikta og si eiga slektshistorie. Her kikar han på fjella utanfor garden der tippoldefaren blei født. FOTO: MARIA GOSSÉ Maria GossÈ

Det var i den tid eg gjekk omkring i Elnesvågen med bortebuarstipend, budde i kjellarhybel utan dusj og køyrde moped til Averøya med skitentøy kvar helg. I norskfaget strekte tekstsamlinga seg frå Håvamål til folkerøystinga om EU i 1994.