Lite er så irriterande som ein flinkis. Og ja, eg tenkjer på deg, justisminister Emilie Enger Mehl. Korleis skal vanlege folk stille seg til politikarar som berre får til alt, som er tidleg utdanna jurist, som kjem inn på Stortinget som 24-åring, vert Noregs yngste justisminister fire år etter. Ja, men alle har sine svake sider, tenkjer ein gjerne. Dei som berre får gode karakterar, manglar gjerne toppnotering i gym.