Bruno Latour og Steve Woolgar gikk til kamp mot realismen.

Finst ein realitet?

FABRIKKERT? Genetikarane ville neppe kunne halde fram dersom dei begynte å tru at DNA-molekylet (bildet) og den genetiske koden berre er ordkonstruksjonar i det språkspelet som er kalla naturvitskap, skriv forfatteren. FOTO: WIKIMEDIA COMMONS

Marcus Tullius Cicero (106–43 f.v.t.) har sagt at ingenting er så absurd at det ikkje kunne ha vore påstått av ein filosof. Det har nok Cicero rett i, men vi bør straks legge til dette: Ein annan type filosofar har som regel slått ned på absurditetane og gjort greie for korleis dei oppstår.