Storselskap går til åtak på forsking for å verne om eigne produkt.

Dobbel standard

LØNSAM HELSEFARE: Det reseptfrie medikamentet PPA blei populært som slankemiddel i 1970-åra, men det forårsaka òg om lag 400 tilfelle av hjernebløding per år blant kvinner i aldersgruppa 18 til 49 år, skriv forfattaren. FOTO: NTB SCANPIX Scanpix

Vestlege samfunn har lenge hatt statlege institusjonar som kan forby sal av helsefarlege produkt. Men under nyliberalismen har denne institusjonelle makta minka. Dersom eit storselskap i USA risikerer eit forbod mot å selje produktet sitt på grunn av den påståtte helseskaden produktet medfører, har det kunna hyre eit firma for produktforsvar.