Synne er snart 15 år. Ho er så oppfarande at klassekameratane kallar henne Sinne. Derav tittelen på boka. Men dei veit ikkje at ho er slik fordi ho har ADHD. Me møter Synne i løpet av nokre dagar der ho skal bestemma seg for om ho skal byrja med medisiner att, slik at ho kan konsentrera seg betre. Samstundes får me innblikk i korleis det er å leva med ADHD.
Trass i halvhysteriske intrigar ei vesentleg bok om ADHD.