Paris. Sandane

Du vaknar opp ein morgon og innser at du lengtar heim. Alt dette du skulle rømme frå, rolla di som strebar bakarst ved vindauget, dei evinnelege samtalane i friminutta om kven som har lege med kven i helga, medan du sat og las til ein prøve i fysikk. Berre i tilfelle du vil bli doktor, oppmoda mor di. Men no har du vore student i Paris i fire månader, og det er fader ikkje som dei skreiv i brosjyrane. Du skulle gå kveldskurs ved Sorbonne, ta på deg alpelua og skine blant andre franskmenn i dei travle gatene. Du skulle lepje vin på ein dunkel bokbar i Marais-kvartalet medan du skreiv dikt på ein serviett så alle som passerte deg skulle tru at ho her har noko føre seg. Du skulle setje deg i Luxembourghagen, nett som Simone og Jean Paul og tenkje filosofiske tankar. Men alt du tenkjer på no, er at du saknar det kroniske maset frå mor di.

Mer fra Klassekampen