Autonomi: Han Kang har skrive ein biopolitisk fabel om menneskets råderett over seg sjølv.

Imot kjøttet

REFLEKTERT: Koreanske Han Kang utforskar i «Vegetarianeren» retten til å definere reglane for eigen kropp. FOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX Kallestad, Gorm

Å kontrollere kroppen, den levande kjøtmassen som utgjer eit menneske, er ein nødvendig føresetnad for eitkvart sjølvstendig individ. I eit biopolitisk perspektiv er det òg det underliggande målet for eitkvart moderne maktregime.