I dag er det lite glamor på veg frå jobb i storbyen. Fotgjengarane ser ned på regnvåt asfalt, dei elles så stilige parisarane har no pakka seg inn i stygge Uggs, uformelege vinterkapper og store skjerf. Under dei store luene ser alle sure, stressa og sinte ut.