Verdslitteratur med DSB
Solvej Balle nærmar seg siste stasjon i sitt enorme europeiske romanprosjekt.

Nyleg stod eg på Ringsted Station. Det var ein ganske normal søndag på dei danske statsbanene, der toget mitt blei først tre, så fem og sidan 13 minutt forseinka. Medan eg stod der og grubla på om DSB kanskje ikkje er eit reiseselskap i det heile, men snarare ein konspirasjon frå staten si side – ein konspirasjon som skal gi oss meinige borgarar noko handgripeleg å rase over, slik at vi ikkje rasar over meir diffuse vonder, som tiltakande høgredreiing eller forskjellane på bustadmarknaden – såg eg ei kvinne. Det var ei lita kvinne som sat i glasskuret på perrongen, som forresten berre påstår å gi ly heller enn å faktisk gi det. Ho tok situasjonen med opphøgd ro. Ja, ho ensa den knapt, der ho sat med ein tjukk bunke printa papirark og ein kulepenn i handa og var fordjupa i arbeidet sitt.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn



