DPM
Til dags dato har ingen av oss anna enn fortid. Summen av røynslene, planmessig, intuitivt eller på slump, har forma oss til det vi er i denne augneblinken. For kvart år som går aukar innsatsen i Din Personlige Minnebank, DPM. 40-åringen kan glede seg til til 80-årsdagen og dobbelt så mange innskot, der lukter lydar, røyster, tonar, bilete, dukkar fram frå lageret og blandar seg med blodferskt. Passet og pengane som vart borte og du måtte haike med redsla som bagasje. Hytta som likevel ikkje var der du trudde når mørkeret seig på. Barnet som mirakuløst kjempa seg ut og moltemyra som blenda deg. Det er ikkje grenser for kva du kan saumfare av gamalt og nytt på ein togtur til Ski, sjølv om det går litt for fort.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn