Sveip til neste sideBla med piltastene
Teater

Utanlandsk blikk på løgnhalsen

Symboltung og kreativ oppsetjing av «Peer Gynt», men tematikken druknar i for mange påfunn.

SJØSJUK: Ikkje mykje keisarleg att i denne scena, som har meir til felles med «Brudeferda i Hardanger» enn skipbrotet i originalteksten. FOTO: ANDREAS SCHLAGER

Peer Gynt

Trøndelag Teater, hovudscena   Av: Henrik Ibsen

Regi: Mina Salehpour   Scenografi: Andrea Wagner 

Lys: Eivind Myren

Med: Kenneth Homstad, Ingunn Beate Strige Øyen, Emma Caroline Deichmann, Madeleine Brandtzæg Nilsen og Paal ­Herman Ims

Den iranskfødde tyske regissøren Mina Salehpour har gjesta Trøndelag Teater ved tre tidlegare høve. Hennar oppsetjingar er alltid oppfinnsame og med eit nytt og annleis syn på det ho set i scene. Med seg har ho også eit fast kunstnarleg lag som ho har samarbeidd med i mange år. Det gjer at oppsetjingane blir uvanleg komplette og attkjennelege, trass i mange vågale påfunn.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen