Sveip til neste sideBla med piltastene
DebattPalestina

Våpenkvile

Palestinsk barndom eksisterer ikkje lengre. Vi har røva den bort. Det finst ikkje lengre skulefri og leikeplass, berre ruinar og dei ser på meg som støvete grå statuettar i Instagram-feeden min. Dei treng ikkje seie eit ord, for eg veit at dei har rett – vi har gløymt dei, vi har forlatt dei, vi har gitt dei opp. Palestinsk barndom finst ikkje lengre. For kva er vel ein barndom i bur, i teltleir, heilt åleine i verda? Våpenkvile sa vi, men ingen veit lengre kva det betyr, og traumene gir ekko langt inn i framtida. Dei treng ikkje gi oss beskjed, barna, for vi er oppdatert. Vi ser alt som skjer og let det gå – det er ikkje informasjonsmangel det står på. Kor mange gonger må ein seie: barn har aldri skuld i krig. Dei skal få ete seg mette og le. Istaden har dei blitt verda sine gislar i avstengde rom i kollektive minne. Palestinsk barndom er borte. For ingen våpen kviler no, og lovnaden er broten. Og då kan ingen barn legge seg i senga, lukke auga og glede seg til ein ny dag av barndommen, for den eksisterer ikkje lengre.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen