Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Språket

Som du nerdar!

Kor spennande eksklamativar er!

Førre veke var eg på Færøyane. Sjølv om det kunne ha skjedd, var det ingen som sa til meg: Sum tú ert vorðin gamal! Ordrett blir det Som du er vorten gamal! På norsk ville me ha sagt eller Kor gamal du er vorten! Men på færøysk startar dei slike utrop med sum, ofte med eit eller anna kraftuttrykk framføre. Og sum tilsvarar norsk som. Setningstypen det handlar om, vert omtala som eksklamativar eller utropssetningar. Dei skil seg på ulike måtar frå 1) utsegnssetningar/deklarativar, 2) spørjesetningar/interrogativar og 3) bydesetningar/imperativar, men blir ofte lite omtala i grunnleggjande grammatiske framstillingar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen