Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattJordbruksforhandlingar

Femti prosent sjølvforsyning – korleis?

Stortinget har vedteke eit mål om 50 prosent sjølvforsyning av mat innan 2030. Jordbruksforhandlingane startar snart og i tillegg til kostnadsdekning og krone­messig lik utvikling som samanlikningsgruppa av lærar og sjukepleiarar må det gjevast eit vesentleg topptillegg før normering på 20 prosent slik at ein etter normering tenar meir enn samanlikngsgruppa. Dette er heilt naudsynt for å nå målet om 50 prosent sjølvforsyning med matvarer. Når det gjeld detaljane er fjerning av botnfrådraget ei lågt hengande frukt. Det vil gje alle som har rett på produksjonstilskot, eit tillegg på 6000 kroner. Vidare må det for små og mellomstore sau- og ammekubruk, som tener aller minst per årsverk, innførast småbrukstilskot. I tillegg må småbrukstilskotet til kumjølkbruk aukast. Vidare må beitetilskot og areal- og kulturlandskapstilskot aukast monaleg. Samordningsregelen for avløysartilskot ved arbeid utanfor bruket må fjernast, og satsane for ferie og fritid, sjukdom og svanger­skap må aukast. Berre med ein jordbrukspolitikk som skissert her kan ein nå målet om 50 prosent sjølvforsyning.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen