TIL TØRK: «Over blå enger» handler blant anna om skrantande forhold mellom kvinner og menn. FOTO: Dara MacDónaill, The Irish Times
Claire Keegan
Over blå enger
Omsett av Merete Alfsen
Aschehoug 2026, 175 sider
Ein gong i min relative ungdom, ikkje så lenge før eg skulle flytte frå Vestlandet til den halvstore hovudstaden, var eg på ei lita rundreise i Irland saman med andre vennar med liknande lagnadar i horisonten. Då vi drog ut frå Galway mot Aran-øyene i vest, nærare bestemt til Inis Mór, den største og vestlegaste av øyene, blei det fort veldig friskt, sjølv for ein gjeng som var oppfostra på sidelengs regn. Så snart vi steig av på kaien der ute, piska vinden regn og saltvatn i andletet på oss, og i dei korte opphalda då nedbøren gav seg, oppdaga vi raskt at vinden ikkje trong regn som ammunisjon for å vere slagkraftig.