Pyser i vinterland
Termometeret i bilen viste 31 kuldegrader då vi parkerte på Mesnavatnet den februarmorgonen i 1994. Det var tolv kilometer å gå på ski fram til løypa der Thomas Alsgaard tok OL-gull på tremila seinare på dagen. Vi må snu, meinte fleirtalet (far, frua og eg) etter ein halv kilometer. Men mor sa at dette var einaste gongen i livet ho skulle få sjå OL anna enn på TV, så det var uaktuelt å snu. Ho smurde oss i fjeset med noko lurium mot frostskadar og la i veg over vatnet i turkis vinterdress. Det var berre å henge på. Då vi nådde løypa tidsnok til å sjå Alsgaard og Bjørn Dæhlie passere, var det sol og berre 15 kalde, og vi hadde varm kakao og frosne matpakker med eggeskiver.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn