Flytande minne
«Vera» av Sandra Lillebø er ein gripande og nådelaus roman om ei jente og føllet hennar.


Sandra Lillebø
Vera
Oktober 2026, 160 sider
Det er kanskje eit teikn på eskapisme at eg her på nyåret har sett mange episodar av doku-serien «Dog House», som handlar om folk som kjem til eit senter for omplassering av hundar. Vi blir kjende med folka som vil ha ein hund og får vite kva type hund dei ønsker seg; det kan vere triste skjebner som gjer at dei kjem til hundesenteret, men no er dei endeleg klare for å skaffe seg det som skal gjere at alt kan bli betre. Dei møter samvitsfulle tilsette som elskar hundar, som gjer alt i si makt for å finne the perfect match.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn


