Påskelabyrinten lever i Jo Eggens poetiske Norden-reise.
Sindre Andersen
Stigmata: Frans av Assisi framstilt i Johann Anton Ramboux’ tolkning av Giottos fresco, 1808. Foto: Museum Kunstpalats/Wikimedia Commons
Jo Eggen
Norden: gråbrødresteder, mislykkesdikt
Aschehoug 2026, 54 sider
I en tid hvor all verdens øyne er rettet mot en halvkolonisert, tynt befolket øy langt mot nord, burde Jo Eggens serie med reisedikt-bøker kunne vekke ny interesse. Fire av hans sju samlinger siden 2010 har konsentrert seg eksplisitt om nordeuropeiske øysamfunn med særegne etterlevninger og statuser, som Irland, Island og Åland. Med blikk for steder hvor alternative tanker kan graves fram og spire, frilommer innimellom sivilisasjonskriger og gørr, har han skapt en idealistisk diktning hvor trauste observasjoner subtilt vris om til skarpe poetiske innsikter. I «Norden» holder han seg mest på det skandinaviske fastlandet, snusende i spor etter den katolske fransiskanerordenen, også kjent som «gråbrødrene».
LYDHØYR: Katrine Heiberg er poet, gjendiktar og kritikar. FOTO: JOHANNES GRYTNES
Gratulerer som månadens poet! Vil du seie noko om kva samanheng dette diktet spring ut ifrå – er det del av eit nytt manus, eit utskot frå eit gammalt eller berre eit dikt?
– Takk, ei ære! Diktet er del av eit prosjekt eg held på med og som eg i grunnen byrja på i 2021. Eg kallar det for høvesdikt, men har utvida termen: kvar dag er ei hending, og eit høve til å skrive eit dikt. Eg har definitivt ikkje skrive eit dikt om dagen, men kvart dikt er skrive i løpet av ein dag. Å feste skrivinga til eit konsept, om enn eit laust konsept, har vist seg å vere produktivt og å skape ei litt anna stemme og ein annan innbyrdes dynamikk enn i andre prosjekt eg har halde på med.
– Det er eit lite kråketing som opnar diktet. Kråka er ein gåtefull fugl i poesien, frå ‘Kråkevisa’ og Edgar Allan Poe til Hans Børli og Ted Hughes. Er det poetiske kråker som har gjort inntrykk på deg?
– Ja, kråka er kanskje fleirdimensjonal, med eit bein i verda og eit bein i litteraturen? Dei poetiske kråkene eg sist var i kontakt med, var nok Kjartan Hatløy sine, i den fine og underlege samlinga «I kråkekrins» frå 2006, der alle dikta kretsar om kråker. Kråkene lever jo fullstendig andre liv enn oss, og samtidig heilt tett på oss. Det er frykteleg typisk, men når eg er i det umiddelbare i dagen, så kan eg ikkje nekte for at blikket ofte fell på kråker … Eg kan ikkje unngå å bli opptatt av dei. Dei er veldig til stades og i stadig aktivitet, noko Hatløys dikt fangar – eg må sitere litt: «ho hoppar fresande baklengs bakover / bort til aller siste skugge / som ho kavar i seg med vengene».
– Eg-et i diktet tenkjer på handlingar vi manglar språk for, og minnest ein sommar. Kan du seie noko om kva eg-et forsøkjer å gripe her?
– Det er kanskje nett det diktet spør om – kva kan gripast? Kva føregår når vi prøver å gripe noko? Lesaren blir halde litt utanfor kva eget konkret tenkjer på og minnest her, men blir tatt med på tankens rørsle. Tanken sine ustø forsøk på å lage samanheng.
– I tillegg til å vere poet er du ein driven poesikritikar i Morgenbladet og andre stadar, og du har gjendikta svenske Ingela Strandberg til norsk. Kva slags samband og brot er det mellom desse ulike måtane å nærme seg dikt på for deg?
– Eg veit ikkje om eg klarer å overskode det, men eg opplever jo at det å melde og det å skrive dikt er to ulike tilstandar å jobbe og vere i. Eg kan ikkje vere like kritisk når eg skriv eigne ting som når eg melder andre sine ferdige verk – eller, ofte er eg det, dessverre. Men openheita og det lydhøyre som begge deler krev, tenkjer eg slektar. Eg trur ikkje det er tilfeldig at mange poesikritikarar også er poetar. Samtidig synest eg ofte at det oppstår ein kunstig opposisjon mellom kritikken og poesien (litteraturen!) Desse to felta er jo heilt avhengige av kvarandre. Å kunne skjelne og vurdere, dei klassiske kritikareigenskapane, er også nødvendige for ein poet eller forfattar. Det er rart, kunstig, å skilje det skapande og det analytiske frå kvarandre. For meg (og i meg) heng dei saman, sjølv om styrkeforholdet mellom dei ikkje alltid er i harmonisk balanse. Poesien og kritikken deler interesse. Om eg skal peike på ein klar forskjell mellom desse to praksisane for meg, så må det vere at å skrive dikt er langt meir forbunde med fridom enn det å skrive kritikk er. Ikkje fordi det alltid kjennest fritt, men fordi det på eit grunnleggjande plan handlar om fridom. Finne veg ut av det fastlagde. Gjendikting er eit arbeid som kanskje nettopp demonstrerer at poetisk gehør og kritisk blikk er forbunde.
– Kva les du elles om dagen?
– Akkurat no er eg midt i Kari Løvaas’ essaysamling «Skapelsens sukk og klage». Om mennesket som grensedraging. Den anbefaler eg.
Engelske Robert Fludd (1574-1637), eller Robertus De Fluctibus om man tar det på latin, som man gjerne gjorde på den tida, var mildt sagt en mangesysler. Han var utdannet lege og figurerte også som astrolog, matematiker og kabbalist, og var kjent for sin sans for okkult filosofi. Han diskuterte med Johannes Kepler og var en av de første som støttet teorien om at blodet sirkulerer i kroppen.