Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Roman

Vende attende

Therese Tungens nye bok er både ein kvardagskrim frå Bygde-Norge og ei sorgforteljing med folkesegn i botn.

Mytologisk stoff: Therese Tungen diktar vidare på folkesegner frå Gudbrandsdalen. Foto: Agnete Brun

Therese Tungen

Den andre sida av elva

Aschehoug 2026, 416 sider

I den fullstendig sjelerivande førre boka si, «Snu deg. Edvins bok» (2022), skriv Therese Tungen om å miste sonen, som får ei hjernebløding og døyr heilt brått sommaren før han fyller sju år. Boka er skjelvande, akutt, men tenkjer òg langs lengre linjer; tittelen peikar til dømes mot dei eldgamle mytane om etterlatne som prøver å hente sine kjære attende til livet, men opplever at dei blir dregne ned att i dødsriket. Etter ei utlegging om slike mytar, om Balders daude og om Orfeus og Evrydike, slår Tungen fast: «Edvin er på den andre sida av elva, kjempa kjem ikkje attende med han i armane. Vi blir trekt framover anten vi vil eller ikkje». Likevel kjem den lyslugga guten støtt attende, i tankane, i draumane, midt på dagen, midt på natta: «Tapet ligg som ein straum, like under, ofte over overflata».

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen