STRENG: Trygve Slagsvold Vedum seier at han og Senterpartiet har vore for ein streng innvandringspolitikk lenge. Her er han fotografert i Solør i Innlandet tidlegare i år. Foto: Christopher Olssøn
Leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum meiner at venstresida lenge har teke feil i innvandringsdebatten, fordi dei ikkje har skjønt at ein stram innvandringspolitikk heng tett saman med kor egalitært og raust samfunnet er på andre område.