Råd: – Det er viktig å ikkje skapa uvisse på norsk sokkel, seier tidlegare LO-leiar Roar Flåthen. Foto: Tom Henning Bratlie
Mens dei raudgrøne partia framleis jobbar for å sikra eit fleirtal bak statsbudsjettet for 2026, ber tidlegare LO-leiar Roar Flåthen Arbeidarpartiet om å ikkje setta olje- og gasspolitikken i spel i tolvte time. Særleg MDG vil ha eit statsbudsjett som viser ein veg ut av oljealderen.