Køllefredagen
Politikøller banka fram frisiske språkrettar.
Fredag 16. november 1951 er ein merkedag i frisisk språkhistorie. Ikkje fordi det skjedde noko med sjølve språket, men fordi den dagen banka politiet opp frisiske språkaktivistar som hadde samla seg utanfor rettsbygninga i Ljouwert (Leeuwarden på nederlandsk), hovudstaden i provinsen Fryslân (Friesland) nordvest i Nederland. Inne i rettssalen stod journalisten, forfattaren og den frisiske språkaktivisten Fedde Schurer saman med ein annan journalist tiltalt for ærekrenking i omtalane av ein dommar som ein månad tidlegare hadde vore lite villig til å la ein tiltalt bruka frisisk i ei rettssak. Både dommaren og den tiltalte meistra både frisisk og nederlandsk. Det hadde vore fleire liknande saker i tida før trass i ein statleg rapport som oppmoda offentlege tenestemenn i Fryslân til å respektera bruken av frisisk og læra seg språket.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
