Kvifor bidrog vanlege politifolk til holocaust?
Politifolk fulgde grufulle ordre under andre verdskrig – også dei som ikkje var nazistar. Me må forstå dilemmaet motstandsrørsla stod i.

Tidleg på morgonen 26. oktober 1942 banka det på døra til jødiske Ernst Aberle på Lillehammer. Då han lukka opp såg han ein politibetjent som openbart mislikte oppdraget sitt. Han sukka og sa: «Ja, jeg får si det som det er Aberle. Jeg har ordre om å arrestere deg.» Aberle kunne ikkje tru det han høyrde. «Arrestere meg?» Men betjenten hadde svaret klart: «Ja, vi kan jo ikke annet enn å følge ordre da, ser du.» Verken han eller dei andre kollegaene var brutale. Tvert i mot sørga dei for at Aberle fekk eit skikkeleg måltid klippfisk. Men dei gjorde som dei hadde fått ordre om. Aberle vart sendt til Oslo og vidare til Berg interneringsleir. Men Aberle var heldig. Gift ikkje-jødisk vart han verande i leiren, ulikt dei fleste medfangane hans som enda liva på grufullt vis i Auschwitz-Birkenau.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn