Empatisk provokasjon
Marianne Marthinsen tek eit langt steg vidare som forfattar med ein rystande og modig roman.


Marianne Marthinsen
Rekonstruksjoner
Aschehoug 2025, 284 sider
Allereie då eg las epigrafen i Marianne Marthinsens andre roman, «Rekonstruksjoner», slo det meg at det var noko risikabelt ved prosjektet. «Den som vil fødes, må ødelegge en verden». Korleis skal eg tolke dette Hermann Hesse-sitatet, når romanen skildrar den knusande sorga etter ei terrorhandling? Mot slutten kjem forklaringa gjennom ein referanse til Marshall McLuhan, professoren bak uttrykket «den globale landsbyen» som såg vald som reaksjon på opplevinga av å mangle, eller miste, identitet. Betenkt blir eg først når romanen ymtar om at terrorhandlinga kan sjåast som eit katastrofalt utslag av eit normalt ungdomsopprør, samanliknbart med at foreldregenerasjonen reiste til Praha for å demonstrere mot Verdensbanken. Eg kan finne innvendingar, men ideen kan ikkje utan vidare avvisast, og i det ser eg litterær kvalitet: Her foregår det tenking med fallhøgde, samtidig som kjenslene i høgste grad er med i skildringa av akutt livskrise.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn