Etterliv
Anjet Daanje meskar seg med mytane rundt Emily Brontë og systrene hennar.

Kaffikoppen eg nett har tatt ein slurk av idet eg byrjar på denne teksten, set eg frå meg på ei drikkebrikke med ei teikning av dei tre Brontë-systrene på – Charlotte, Emily, Anne. Eg slår meg sjeldan laus i museumsbutikkar, men held meg som regel høfleg til å kjøpe ein penn og eit postkort på veg ut. Då eg for nokre år sidan var oppe i heiene i Haworth, den vesle landsbyen i Yorkshire der Brontë-systrene vaks opp og levde mesteparten av sine korte liv, blei eg likevel riven med og kjøpte både ein bunke postkort og denne ikkje særleg sofistikerte brikka – ein av utruleg mange Brontë-ting som var til sals i museet på den gamle prestegarden der, og rundt omkring i heile landsbyen, som sjølv utanfor sesong, i iskald novembervind, aula av meir eller mindre litterært interesserte turistar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn