Himmel og hav
Pingvinen Ella hoppar i det.


Kjersti Annesdatter Skomsvold og Mari Kanstad Johnsen (ill.)
Svømmefugl
Aschehoug 2025, 52 sider
Pingvinen Ella er ein artig ny kjenning i heimen, men det er mormora hennar som framkallar flest glis og flir når vi les «Svømmefugl», Kjersti Annesdatter Skomsvold og Mari Kanstad Johnsens nye biletbok. Opninga gir ein perfekt introduksjon: I eit mørkt og magisk oppslag ligg Ella på brygga og ser skremt ned i havet, der blekksprutar og brennmaneter, og sikkert sverdfiskar og sjømonster, sym rundt i straumane. På neste side stig mormora opp av havet rett framfor Ella, med dykkarmaske, tang på toppen og ein krabbe på hovudet. Dette var ikkje så skummelt! Og no skal eg lære deg å symje, seier ho.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn