HAR TRUA: Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) er ikkje særleg uroa for at eit nytt stortingsfleirtal skal setje ein stoppar for elektrifisering av sokkelen. Her er han under framlegginga av Norgespris tidlegare i haust. Foto: Javad Parsa, NTB
Framstegspartiet, Raudt, Senterpartiet og SV har fått fleirtal på Stortinget, og er alle uroa over at elektrifiseringa av oljeproduksjonen på Haltenbanken utanfor Trøndelag vil skape straumkrise i Midt-Noreg.