Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Teater

Ein sliten Peer

Ei framsyning som slit med å finne forma mellom draum og realisme, og som blir for episodisk.

UKLÅRT: I finalen møter Peer (Espen Reboli Bjerke) knappestøyparen – eller var det Solveig (Ingrid Unnur Giæver)? FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Peer Gynt

Rogaland Teater, Teaterhallen  

Av: Henrik Ibsen

Tilarbeiding og regi: Hanne Tømta  

Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen 

Musikalsk arrangør: Simon Revholt

Lysdesign: ­Trygve Andersen

Med: Espen Reboli Bjerke, Øystein Martinsen, Matias Kuoppala, Georg Devendra Apenes, Ingrid Unnur Giæver og Marit Adeleide Andreassen 

Henrik Ibsen skreiv «Peer Gynt» som eit bitande oppgjer med norsk veremåte, og Peer er, trass i at han kan vere sjarmerande, ikkje spesielt sympatisk, men ein skrytande og drikkfeldig horebukk og ein egoist utan sjølvinnsikt. I ettertid er diktverket likevel blitt eit nasjonalepos, mykje takka Edvard Griegs nasjonalromantiske musikk. Og trass i alle Peers lyte og negative sider, er han blitt eit ikon der ein til alt overmål kårar årets Peer Gynt, som om det var noko å trakte etter. Det er difor fortenestfullt med alle tolkingar som går bakom personen og syner kven Ibsens Peer i røynda var. Fleire regissørar har gjort dette, mellom anna gjennom å gå på innsida og syne Peers indre demonar, slik som i den særs vellukka versjonen som no går på Teatret Vårt i Molde. Hanne Tømta freistar også ei tilsvarande tilnærming i oppsetjinga på Rogaland Teater.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen