Om å redde verda for våre barnebarn

I reklamestraumen på mi facebook-side får eg stendig opp reklame for Besteforeldrenes klimaaksjon. Etter som eg er bestefar for ikkje mindre enn ni barnebarn og bonus-barnebarn, er eg sjølvsagt opptatt av korleis det skal gå for desse barnebarna. På reklameinnslaga dukkar det også stendig opp kjendisar som er bekymra for framtida gitt «klima- og naturkrisa». Her om dagen var det kjendisbiolog Dag O. Hessen som utfordra oss ved å spørje kva for klode barnebarna våre arvar. Og han var bekymra. Vi besteforeldre, seier han, har eit heilt spesielt ansvar ved at vi har vore med å stelle i stand dei problema som kloden nå har. Vi har også eit særleg ansvar – meir enn dei unge som tenker kortsiktig – ved at vi kan sjå på lang sikt.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn