Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Akkurat nå

Jassa, jåså

KLINK-BANG-BONG! I tett, tett tåke, so tett at toyotaen bad på sine slitne sommardekk om ikkje å køyre fortare enn 40 i 80-sona, hadde eg nettopp svinga av hovudvegen og inn på ein mindre grusveg. Nervane var tynnslitne. Heldigvis tok det ikkje mange minuttane før tåka plutseleg forsvann, og det var som ei ny verd opna seg. Det var da smellet kom. Lyden var ikkje motorproblem, men ein suicidal harepus i møte med motorvogn. Muy bien! Eg er ikkje kristeleg, men at det var ei slags gudegåve etter det perverse vêret, er det ikkje tvil om. Men korleis flår og førebur ein harepusar? Og når den er kjøt og bein, kva passar då best til? Fløytesaus? Det var fleire spørsmål enn svar, og fablinga om middagen hadde allereie sendt meg 100 meter forbi åstaden for drapet. Eg bråbremsa, og sommardekka fekk noko å gjere likevel. Men det var eit helvete å snu på den smale, bekmørke grusvegen. Hjartet måtte konkurrere med den imaginære smaken av harekjøt om å vere lengst opp i halsen. På veg tilbake saumfara eg området som ein svolten hauk. Men haren låg ikkje i vegen. Han sto omtrent der han gjorde før det hasardiøse spranget ut i vegen og peika snute til meg. Møtet med bilen var han tydelegvis herda mot, og for å gni litt ekstra maldonsalt i det opne såret mitt, dukka det ikkje berre opp éin spinnvill slektning i løpet av dei neste kilometrane, men ni! Ni harepusar med dødsforakt! Alle tok eit hopp ut i vegen rett føre bilen og spratt som eit prosjektil tilbake i lyng og sølvvier. Gud veit kva dei leikar eller finn på, men haremiddagen blei det ikkje noko av.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen