Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Roman

Spesielle behov

Marte Magnusdotter Solems roman om ein utilpass, sårbar gut er full av knusande scener.

UTANFOR: Paula Modersohn-Beckers «Junge im Schnee» (cirka 1905). FOTO: WIKIMEDIA COMMONS

Marte Magnusdotter Solem

Gustav

Aschehoug 2025, 313 sider

Det er vanskeleg å ikkje bli glad i guten som gir namn til Marte Magnusdotter Solems tredje roman. Gustav er skulegut på tredje, snart fjerde trinn, han er livleg, entusiastisk og søkjande, men sosialt utilpass og sårbar. Fantasien hans er fri og ustyrleg, i omgangen med andre kan han vere bestemt og bardus, og han har vanskar med å styre kjensler og innfall inn i same kanalar som barna rundt han. I staden får dei utløp i klovneri, konfliktar og desperate handlingar. Det er vanskeleg å ikkje bli litt frustrert av Gustav òg, særleg sidan vi heile vegen følgjer han gjennom auga til mora Frida, som har hjartet i halsen og blikket festa på kvar minste rørsle i kroppen og sinnet hans.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen