Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattEuropa

Todelinga

Korfor har den norske venstresida reagert sterkare på invasjonen av Ukraina i 2022 enn på invasjonane Ungarn i 1956 og Tsjekkoslovakia i 1968? Dette er det underliggande spørsmålet i Brigt Kristensen sin kommentar i Klassekampen 5. juli. Han har rett i at årsaka ikkje kan vera at Ukraina ligg nærmare Norge enn dei to andre landa. Eg tenker at årsaka kan vera at vi ikkje lenger har ei avtalt deling av Europa mellom to supermakter, ei todeling som gav Vest-Europa sikkerheit og sjølvstyre, mens Aust-Europa vart påtvinga underordning under sovjetrussisk herredømme. Denne forelda forskjellsbehandlinga av land i ulike delar av Europa trudde vi tok slutt i 1991, men nå viser det seg at Russland har andre planar. Samtidig ser vi at USA samrår seg med Russland og truar med å ta kontroll over Grønland med makt. Kanskje dette er forklaringa på at venstresida ser behovet for å konkretisere ein USA-uavhengig sikkerheitspolitikk?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen