Over fatteevne
Hos Paul Schrader skal filmkunsten løfte tilskodaren til himmels heller enn å halde oss på bakkeplan.


Paul Schrader
Transcendental filmstil. Ozu, Bresson, Dreyer
Omsett av Anders Dunker
Existenz Forlag 2025, 294 sider
Ein del lesarar vil truleg rynke litt på bryna i møte med ei bok som ber ordet «transcendental» i tittelen. No skal eg ikkje hevde at Paul Schraders filmfilosofiske studie frå 1972 er sommarlesing for nokon og kvar, men i det minste bør ikkje filmbuffar la seg skremme frå å finne plass til boka i feriebagasjen: «Transcendental filmstil» har sant nok åndelege siktemål, men er først og fremst ein filmfagleg konkret og velstrukturert studie av tre av dei fremste regissørane frå filmhistoria, japanske Yasujirō Ozu (1903–1963), franske Robert Bresson (1901–1999) og danske Carl Theodor Dreyer (1889–1968).
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn