Vi noterer
... at dokketeater finst! Denne veka kan du, under Oslo Pride, sjå James Baldwins klassikarroman «Giovannis Rom» framført av Varun Puppeteers på Nordic Black Theatre. Førestillinga er på engelsk, og går kvar kveld frå 24. til 28. juni. Om du vil lese romanen på norsk før den tid, må du nok på biblioteket, men på den andre sida av sommarferien gir Pax Forlag den ut på ny i pocket, i ei lett modernisert utgåve av Magli Elsters gamle omsetjing. Samtidig gjenutgir dei essaysamlinga «Ingen kjenner mitt navn», omsett av Espen Haavardsholm.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn