Refleksjonar frå intimsona
Katrine Sele slepper både potensielle kjærastar og lesarane svært tett på.


Katrine Sele
Menn som nesten elska meg. Sju års lengt etter kjærleiken
Samlaget 2025, 220 sider
Min eigen vingard har eg ikkje vakta», seier kvinna i Bibelens mest erotisk ladde tekst, Salomos Høgsong. Det handlar sjølvsagt ikkje om ein åkerlapp, like lite som ein fersken i eit renessansemåleri eller ein aubergine i ei tekstmelding signaliserer sunne matvanar. Heller ikkje Katrine Sele har vakta seg sjølv så nøye, røper ho i si fjerde sakprosabok. «Menn som nesten elska meg» har undertittelen «Sju års lengt etter kjærleiken» og fortel historia om korleis Sele etter å ha gått frå ektemannen som ho har to søner med, kasta seg ut i jakta på ny kjærleik.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn