UKLÅRT: Marie Sneve Martinussen (R), Kirsti Bergstø (SV), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Jonas Gahr Støre (Ap) under partileiardebatten på Arendalsuka i 2024. Dei er ikkje samde om korleis dei skal samarbeide etter valet. Foto: Heiko Junge, NTB
80 dagar før stortingsvalet kjem partileiarane i SV, Sp og Raudt med ei avklaring: Dei tre partia kan alle støtte ei rein Ap-regjering etter valet. Men der stoppar harmonien mellom dei tre mellomstore partia på raudgrøn side. For medan Raudt vil at partia til venstre for midten skal underskrive ei samarbeidsavtale, avviser både Sp og SV å binde seg til ei slik avtale.