Troll i ord
Melding frå setra: bokstavar forandrar verda!

Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund, Målgruppe: 3–6 år og Cappelen Damm 2025, 64 sider
Bukkene Bruse. Bokstavtyven Troll
Og alt som rimar, er sant», seier vi, til tre taktfaste klapp, kvar gong ein i heimen slumpar til å snakke i setningar som rimar. Det har vi lært av Ingvild Rishøi, som vi høyrde lese moderne morovers frå «Borti natta» under poesifestivalen på Hamar tidlegare i år. I eit av dikta møter vi ei skulejente som rimar fram nokre veldig sannsynlege unnskyldningar for kvifor ho blir forseinka (ho møtte kongen, han stod på perrongen) og kjem til skulen «litt seint – men sånt skjer jo iblant? / Når alt som rimer, er sant.» Det er eit slikt dikt som får det til å knake og sprake i små synapsar, og som får ungane til å ta ordleiken med seg ut av boksidene og inn i kvardagslivet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn