Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Nordisk råd

Berre oss to

Syskenskapet opphøyrer aldri, fastslår Ida Kukkapuro.

Syskenskap: Familiebanda er flokete i Ida Kukkapuros sjølvbiografisk essayistiske bok «Sisaruuksia». Foto: Stella Ojala

Eg tenkjer ofte på systera mi, men vil (vågar, orkar) ikkje kontakte henne akkurat no. Livet hennar i dei lange etterdønningane av fleire tiår med tungt misbruk er framleis så ekstremt, og vanskeleg på fleire vis som eg ikkje kan påverke. Men i månadane etter faren vår døydde for eit år sidan, hadde vi dyrebare stunder saman. Vi delte ein liten materiell arv, og vi vekte opp att noko eg ikkje hadde rekna med eksisterte lenger. Det var barndomsminne som ingen andre i heile verda enn systera mi lenger deler med meg. Dei særeigne namna på dei ulike strekningane i hunden Norre sine faste kveldsturar («Norres kveldstur» eller «halve runda»), identiske steg for steg, kveld etter kveld. Haugen av makaroni, pølser, ketsjup og kva-det-no-var pappa laga til middag dei kveldane mamma ikkje var heime. Absolutt trivielle saker, ikkje «den store forteljinga» om familien vår, men like fullt unike og eksklusive for berre oss to.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen