Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Nordisk råd

Alvorleg talt

Tvil, sjølvhat og kjærleik til litteraturen sameiner forfattarane – ikkje misunning og smålegskap.

BREISIDE: David Lagercrantz sparkar mot eige laug i eit nyleg intervju i Dagens Nyheter. FOTO: JOAR VESTERGREN, DN/NTB

Sjukepleiarar er påfallande ofte skjøre, paranoide, manipulative og drivne av både hevdelses- og bekreftelsesbehov. Om Sveriges største morgonavis brukte slike ord om helsepersonell, ville nok det svenske sjukepleiarforbundet protestere. Men her var det ikkje sjukepleiarane sin karakter som blei omtalt, det var forfattarane sin. Det skjedde i Kristofer Ahlströms store intervju med forfattarkollegaen David Lagercrantz, som stod på trykk i Dagens Nyheter her om veka. Lagercrantz har mellom anna skrive den bestseljande «Jeg er Zlatan» og tre romanar i Stieg Larssons Milleniumserie, og han er no aktuell med ein ny spenningsroman («Post Mortem») sett til forlagsverda.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?