Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Teater

Ei kvinne på randa

Ikkje så mykje dyrisk begjær, men i staden ein smertefull kamp for å overleve.

NOKO MANGLAR: Bursdagen til Blanche blir ikkje den festen ho hadde ønska seg når gjesten ikkje kjem. FOTO: VEGARD EGGEN

En sporvogn til begjær

Trøndelag Teater Av: Tennessee Williams   Omsett av Torstein Bugge Høverstad

Regi: Kjersti Haugen   Scenografi og kostyme: Katrin Bombe 

Med: Ingunn Beate Strige Øyen, Emma Caroline Deichmann, Trond-Ove Skrødal

Då Tennessee Williams skreiv dramaet «En sporvogn til begjær» i 1947 handla det, i tillegg til det openberre begjæret, også om psykiatri, seksuelle overgrep, vald i nære relasjonar, homofili og meir til. For åtti år sia var mykje av dette tabubelagd. Slik er det ikkje i same grad i dag, og kanskje er tematikken difor i ferd med å bli litt utdatert. Etter å ha sett Kjersti Haugens særs vellukka versjon på Trøndelag Teater ser eg likevel at det med litt anna vinkling er mogeleg å gi ny aktualitet til dette dramaet, som framleis blir rekna som noko av det fremste i amerikansk samtidsdramatikk.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?