Ulovleg sytråd eller andre villspor
Det har lenge vore noko sprøtt med den så jordnære og sjølvlaga hoppsporten me vaks opp med. Til hopp på fem-seks meter i bratte nok bakkar til fart og hopp. Til og med snøflekker ved påsketider kunne nyttast i leiken denne idretten tilverka. Den største våte, skuggeverna snøflekken kunne bli til sprettande hoppbakke for små sjølvspikka treski, som fekk namn etter kjende hoppnamn i tida. Der vart Sverre Stenersen og Thorbjørn Falkanger og mange av våre største heltar tildelt heilt nye føresetnader for å lukkast. Dei fleste flaug frå hoppkanten så langt snøen rakk. Jamvel utanlandske deltakarar var der plass til. Den stivaste og tyngste skia bar namnet til Pavo Korhonen, ein finsk kombinertløpar som gjerne vann langrennet, men hoppa så dårleg at pallplass ofte vart utanfor rekkevidde. Nett utanfor pallen i OL i 1952 og 1956 vart hans idrettsskjebne, men i Ski-Finland rakk det til heltestatus. Våre heimlege heltar, Slåttvik og Stenersen, hoppa til gulla desse åra.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent