Hamskifte og fylgjetru
Hamskiftet vil seie at eit menneske, eller ein gud som Odin kunne manifestere seg i dyreskapnad. Hamskifte heng saman med fylgjetrua. Da Bodvar forsvinn frå kampen, ser dei ein bjørn som dei kallar fylgja til Bodvar. Den individuelle fylgja i dyreskapand følgde eit menneske gjennom livet, og dersom ein draumde at fylgjedyret døydde, varsla det at dauden nærma seg. Ved sida av dyrefylgja hadde ein ættefylgja i kvinneskapnad. Dette var den kollektive fylgja. Slik sett hadde kvart menneske ein dobbel lagnad. Med kristninga kom engletrua til å påverke kvinnefylgjene slik at desse blei delt i lyse og mørke fylgjer. Dei lyse var fylgjeenglar, dei mørke representerte heidensk tru.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent